Profilen i april er Sparebank 1 SR- Bank Suldal

sr_bank_3 Visjonen vår er ’anbefalt av kunden’, og då må me ligga i selen.

 Sparebank 1 SR-Bank Suldal

- Røter tilbake til 1871
- Var med på opprettinga av Sparebank 1-alliansen i 1996
- Hovudkontor i Stavanger, avdeling på Sand
- Totalt rundt 1200 tilsette, 8 på Sand

Om bedrifta
Banken har ei lang historie, med sparebankar både på Sand og Suldalsosen, og i Erfjord og på Jelsa. Sand Sparebank vart skipa i 1871, og gjekk i 1971 saman med Stavanger Sparekasse, og desse gjekk vidare inn i SR-Bank i 1976. Innanfor SR-Bank kom sparebankane frå Sand, Suldalsosen, Erfjord og Jelsa saman på nittitalet, og det som nå er SR-Bank Suldal kom med i Sparebank 1 alliansen i 1996.
  – Hovudføremålet vårt er å skape verdiar i Suldal ved å tilføre kapital og drive god rådgjerving for kundene våre, fortel banksjef Ellen Iversen. – Innanfor alt som har med finans å gjera, som plassering, sparing, forsikring, held ho fram. – Det er nå ein nasjonal autorisasjon for rådgjeving, du kan kalla det vårt fagbrev om du vil, som me har arbeidd mykje opp imot og som nå neste alle har fullført her, seier ho stolt. Banken er òg ein stor eigedomsmeklar. Det er ingen meklarar ved kontoret på Sand, men dei har faste folk som formildar eigedommar i Suldal som kjenner til høva og marknaden her.
  Ein fordel ved å driva bank i Suldal meiner Iversen er nærleik til kundane. – Her er det lett med personleg kontakt, noko som letnar kommunikasjon og forståing, svarar ho. Av ulemper peiker ho på at det jo ligg ekstra kostnadar i å ha fleire lokalkontor. – Men dette er ein bevisst strategi i SR-Bank, som nå har kontor i alle kommunar i Rogaland, utanom Kvitsøy.

Kundar
SR-Bank har breie kundegrupper både innanfor person- og bedriftsmarknaden, med hovudtyngda i Rogaland, Agder og Hordaland. Òg for avdelinga i Suldal er kundebiletet variert. – Me har kundar frå dei yngste til dei eldste, og følgjer gjerne kundar livet ut, fortel Iversen. – Me har òg mange kundar innanfor næringslivet og jordbruket, og kanskje særleg her er det ein stor fordel at me er ein del av det større Sparebank 1-samarbeidet slik at me har tilgang på både mykje meir ekspertise og større kapital
  Banksjefen legg vekt på hardt arbeid. – Folk skal velja å komma til oss fordi me har gode produkt og fordi me er flinke på rådgjeving. Enkelt og greitt, slår ho fast.

Arbeidsplassen
Sjølv om avdelinga på Sand ikkje er stor har Iversen aldri kjend seg tilsidesett eller underprioritert. – I SR-Bank er alle tekne med som likeverdige, både som avdeling og dei tilsette der. Dei tilsette her på Sand har tilgang på same tilbod om vidareutdanning og utvikling som tilsette i Stavanger.
  Og ho meiner det er ein god arbeidsplass. – Me har klare retningslinjer på rettar og plikter som tilsette, noko som gjer det trygt å arbeide for oss. Samstundes er vidareutvikling hjå dei tilsette høgt prioritert, så folk er godt teke vare på her.

Kva vil de folk skal tenkja når dei tenkjer på SR-Bank Suldal?

– Tryggleik i høve til å ha fått god rådgjeving og at det er ein låg terskel for å komma til oss. Er spørsmålet lite eller stort, me er her for kunden.

Tekst: Nils Hallvard Korsvoll

apr 01 |15:14 Sist oppdatert fre, 01 april 2011 15:19
ryfylke_plasshaldar

SULDAL VEKST

SULDAL VEKST ER EIT INNOVASJONS- OG NÆRINGSUTVIKLINGSSELSKAP I SULDAL KOMMUNE.

Kvar månad vil me presentera ei bedrift i Suldal:

PROFILEN I JANUAR

PROFILEN I JANUAR

  - Tradisjon og miljø er framleis like sterkt i fokus, seier Bjørn Moe. Han har gjennom dei siste tjue åra gått frå å vera mjølkebonde til å husa ein av...

Les meir

NYHENDEBREV

Meld deg på nyhendebrevet vårt.







SØK

FØLG OSS:

Suldal Vekst på Facebook

NYTT FRÅ NRK:

Nettsida tilhøyrer Suldal Vekst as og er levert av Norsk Plan as 2010.